Konsert med Edvard Grieg Ungdomskor og Edvard Grieg Kor

Informasjon
Oseana kunst- og kultursenter
Mobergsbakken 20, Osøyri, Norge
Fredag 11. august 2017
20:00 - 22:00

Mektige tonar vil fylle foajeen denne kvelden, her er det berre å nyta!

Ramirez, Vivaldi og Mozart

Edvard Grieg Ungdomskor framfører mellom anna Ramirez sin Misa Criolla. I tillegg får du høyre komposisjonar av både Vivaldi og Mozart.

Edvard Grieg Kor vil bidra med 8-stemmig a capella song på denne konserten.

Edvard Grieg Ungdomskor

Edvard Grieg Ungdomskor vart oppretta sommaren 2013 og har det profesjonelle Edvard Grieg Kor som mentorkor. Dette ungdomskoret er eit prosjektbasert kor som held seg hovudsakleg i Bergen, men dei består og av koristar som er busette i andre delar av verda. Koret syng vanlegvis klassiske verk, men dei visar og interesse for andre sjangrar. Tidlegare har dei kora for The Rolling Stones ved deira konsert på Telenor Arena.

Dirigent: Håkon Matti Skrede
Pianist: Ellena Hale

Ord.pris: 245,- BT fordel: 235,-

KVA MED Å NYTA EIN BETRE MIDDAG FØR KONSERTEN?
Ring Oseana Kafe og Restaurant for tinging av bord på 53 69 51 40

Legg igjen en kommentar